tirsdag 17. mars 2009

My Host Family

Eg skal bu med eit ektepar som heiter Barbara og Donald (blir kalla Don), og dei har til saman 4 jenter, men berre ei bur heime. Ho heiter Rica og er 20 år, og hoer psykisk utviklingshemma. Men eg veit at ho er veldig sprudlande, glad og kjempesnill. Dei har også ein hund, Baxter, ei blandingsrase mellom puddel og golden retriver. han er veldig søt og vennlig. Dei virkar veldig hyggelige og opne, og eg gler meg kjempemykje til å bli betre kjent med dei! Har alt hatt ein del kontakt med både dei, og dei to utvekslingsstudentane dei har hatt før meg. Nina frå Tyskland og Joana frå Portugal. Nina har svart på mange spørsmål eg har hatt om korleis familien er, og eg har berre fått positive svar!

Dei er ikkje noko særleg strenge, mest beskyttande, som alle Amerikanarar er. Innetidene i vekedagane var kl.11 og i helgene kl. 1, så det kan eg fint leve med! Ein kunne ha kjærastar og ta dei med heim osv, men akkurat det kjem vertfall ikkje til å bli noke tema uansett, for eg har jo ein kjæreste her i Noreg.
Don og Barbara er jødiske, og dermed feirar dei ikkje jul og påske osv, men jødiske høgtider. Det trur eg kanskje blir litt rart, men veldig interessant og spennande og! Eg gler meg veldig mykje til å lære noko nytt. Det at det er jødiske ser eg berre på som eit pluss. Det er berre meir spennande det, enn at dei hadde vore kristne. Nina frå Tyskland sa at ho hadde feira jul hos ei venninne, og at det burde eg og gjere.

Huset deira ser sånn typisk Amerikansk ut, og har to etasjar. (hovudetasje og kjellar sånn eg skjønte det vertfall) Første etasje består av stove, kjøkken, bad, soverommet til Rica, og soverommet til Don og Barbara. Kjellaren skal eg visstnok ha så og seie for meg sjølv! den består av soverom, mitt eige bad og TV- stove. Sikkert akkurat passelig stort for meg, og overgangen frå her til der blir ikkje så stor! Eg hadde nok fått litt klaustrofobi viss eg måtta ha delt rom med noken!

Eg kan seie at interessene deira blant anna er:
Segling, gå på langrennski, lesing, sjå film, kanoing, sykling osv.. Seglinga er det som virkar mest lovande, og eg håper virkelig at eg får lære å segle! Det virkar så utruleg kjekt, men det ser nesten litt skummelt ut og. Av og til ser det jo ut som om heile båten skal kvelve!



Barbara and Don, my hostparents! <3


Baxter, the dog!


Some of the familymembers; Cece, Rica, Don, Barbara and Baxter( the dog).

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ser kjempebra ut detta, Linda;o)
Her er det berre å gle seg....
Klem frå tanta

Anonym sa...

Har du snakka med dei i telefon no forresten? :D