mandag 27. april 2009

Forventningar..?

"Eg sitter åleine på flyet til Grand Rapids med ein heil del blanda følelsar. Eg har sommarfuglar i magen, og ser fram til å møte familien min på flyplassen.
Samtidig kanskje eg er litt trist også? Med tanke på at eg ikkje får sjå nokon i Noreg på over 10 månadar…. Eg legg det temaet frå meg i det eg går ut frå flyet, og eg ser for meg at eg nesten spring mot utgangen der heile min amerikanske familie mottar meg med opne armar.
Vi køyrer heim medan vi pratar med kvarandre. Korleis var New York, og turen hit? Savnar du Noreg? Osv, er spørsmål eg trur dei vil stille meg. Dagen er solfull. Når vi kjem heim i huset tar vi oss alle eit stort glas med kald og forfriskande iste, og eg ser meg rundt i huset og i hagen utanfor. Deretter går eg ned på rommet mitt med kofferten, og eg tar på meg ein deilig sommarkjole. Eg foreslår at vi går ein tur, vi har med Baxter i band.
Vi går rundt i nabolaget, ned til stranda, forbi treningsstudioet og skulen. Eg har mitt Panasonic LX3 rundt halsen, og eg tar masse bilete av dei flotte, solfulle omgjevnadane."


Dette er tanken min av den første dagen min i Spring Lake. Når eg tenker på korleis eg skal ha det i USA, er alt rosenraudt og vidunderleg. Sjølv om eg håpar på det beste, vil nok ikkje absolutt alt gå på skinner. Eg kan ikkje vite kva som kjem til å skje på førehand, men trur at eg kjem til å like meg godt.
Eg har snakka mykje med familien min, og i tillegg fått ein del respons frå dei to andre utvekslingsstudentane dei har hatt. Dei har fortalt meg ein del om korleis familien min er å bu saman med, om skulen, komme inn i miljøet osv. Eg føler meg ganske sikker på den sida, og eg gledar meg kjempemasse til å byrje. Eg har allereie fått mange venner som også skal vere senior neste år. Alle eg har snakka med har sagt at vi må vere saman når eg kjem. Mitt inntrykk er at alle i Spring Lake er ganske gira på utvekslingsstudentar! Eg er overbevist om at dei vil ønske meg velkomen med opne armar.

Mitt største mareritt er at eg får heimlengsel, og det er det eg trur er det ”verste” som kan skje meg i USA. Det er det verste som kan skje fordi det ikkje er noko eg kan gjere noko med det. Heimlengsel må eg berre leve med. Men eg trur eigentleg ikkje eg kjem til å voldsam heimlengsel. Eg veit eg kjem til å savne kjæresten, familien og vennane mine dei første vekene, men det vil nok gå over. Eg har alltid vore av slik at eg fort klarer å tilrettelegge meg til nye samfunn. Eg er sikker på at i slutten av året vil eg ikkje heim att!



Eg kjem til å savne dåkke Joakim og Beate!

fredag 24. april 2009

Jødedommen

Sidan vertsfamilien min er jødisk, skal eg skrive litt fakta om jødedommen.
Eg gler meg til å få vite meir, og lære meir om jødedommen. 
Eg er kjempeglad for at familien min er jødisk, fordi det blir noko litt utanom det vanlege, og eg trur eg kan lære mykje sosialt. Kunnskap om andre religionar er noko som eg trur kan kome godt med seinare i livet. 

Det er cirka 14 millionar jødar rundt omkring i verda, og omkring 6 millionar av desse bur i USA.
Dette svarer til ca. 2 % av befolkninga. Så eg har jammen vore heldig! 

Jødane er opptatte av å fin
ne ut kva som er Guds vilje med alle ting på jorda, og Gud har gjeve livet i gåve til menneska. Jødedommen og kristendommen er to religionar som har svært mykje til felles.
Den største forskjellen er at i jødedommen er Gud ein person, medan i kristendommen er Gud tre personar (Gud sjølv, Jesus og den heilage ande).


Hanukka er ei jødisk høgtid som vi
i kristendommen vil kalle julefeiring. I år kjem hanukka den 11. Desember. Kvar kveld i hankukka, tenner ein eit lys i ein åttearma lysestake. Det er også ein tradisjon å gje gåvar, ein for kvar dag. Hanukka blir feira til minne om at jødane i år 164 f.Kr. reinsa tempelet etter at syrarkongen hadde vanhelga det med bilete av den greske guden Zevs.

Cece, Rica, Joana og Barbara tenner lys.
Hannukafeiring 2007. Rica, Cece, forlovaren, Barbara og Joana (utvekslingsstudent).

Ut i frå det eg har forstått er familien min av den liberale typen. Dei feirer dei jødiske høgtidene, men er ikkje strenge på jødiske levereglar. I følge den forrige utvekslingsstudenten et dei ikkje kosher- mat.

Kasjrút (kosher)
• Vegetabilsk mat er kosher.
• Sjømat er berre kasjér om han har skjell og finnar .
• Av kjøtt frå dyr kan berre kjøttet av klauvdyr drøvtygger vere kosher.
• Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast
• Egg av reine dyr er kosher om dei er frie for blod.
• Mjølkeprodukt må kome frå reine dyr
• Bland ikkje mjølk og kjøtt i same måltid
• Når det er pesaḥ (påske) et ein berre usyra mat.


Noko av det første eg tenker på når eg tenkjer på jødedommen, er kanskje korleis dei blei behandla under 2. verdskrig. Jødehatet har alltid vore størst blant kristne i Europa, og kjem av forestillinga ”det var jødane som drap Jesus”. Mi tolkning er at mange kristne var misunnelege på jødane.
Kirka har alltid brukt jødane som syndebukkar; braut det ut ein epidemi, eller det var mistanke om ein forbrytelse, var det alltid jødane som fekk skulda. Jødane blei sett på som opphavet til alt ondt.
Det var slik antisemittismen utvikla seg. I dag er jødehat mest knytt til muslimar, på grunn av konflikten mellom staten Israel og arabarane i Midtausten.


Dokumentaren som eg linkar til (under) handlar om jødar i Noreg under krigen, der fem overlevande har fortald si historie. Dette er ein utruleg fin dokumentar som eg trur skildrer godt korleis det var for jødane i Noreg. Det dei fortalde gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg, og eg har fått meir forståelse. Eg vil anbefale alle å sjå den!

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/358853

tirsdag 14. april 2009

Avreisedato 1.september

No har eg fått vite avreisedatoen eg reiser til USA. Det blir den 1.september! Så skal vi ha tre dagar med sightseeing i New York, før eg kjem fram til vertsfamilien min i Spring Lake den 4.september. Datoen var fin den, og eg synest det er deilig å tenke på sommaren varer heile august! Bakdelen med datoen er at det også er bursdagen til kjæresten min. Men vi får tenke positivt på det; hadde eg reist før hadde eg uansett ikkje vore der på bursdagen hans. Det er kjekt å endeleg ha noko fast å forhalde seg til. No når eg veit kortid eg skal reise, kan eg begynne å planlegge litt meir av sommaren. Dette blir kjekt!

lørdag 4. april 2009

Heim, kjære heim

Dette er då soverommet mitt og badet mitt i USA. Alt ser kjempefint ut! Senga ser skikkelig deilig ut, og den har kvit ramme og rosa teppe. Det er nesten som ein drøym som aldri har gått i oppfylling før no!
Senga med det rosa teppet står i stil med speilet, som også er rosa. Kommoden, nattbordet, skrivebordet og hylla er i kvitmalt tre. Alt matchar alt. Eg elskar rommet mitt, og eg gler meg til å henge bilete på veggane!

Soverommet mitt ligg i kjellaren, som eigentleg er første etasje sidan det er på bakkenivå. Eg har fin utsikt ut i hagen. I kjellaren er det TV- stove, bad og mitt soverom, som alt er i min disposisjon. I TV- stova er det eit stort biljardbord, så no skal eg bli ein mester i biljard! Alle romma er moderne og koselige, og eg veit at eg kjem til å trivst. Dessutan er det deilig at eg slepp å dele rom med nokon. Ååh, det kriblar i mage, eg glede meg så masse til å komme dit!