søndag 26. juli 2009

Ny blogg folkens

Hei hei!
Eg har no laga meg ein ny blogg i wordpress, fordi eg synst "opplegget" er beire der. Eg har mykje fleire valg, og eg kan utfolde meg meir med HTML, fargestyring ++

Den nye bloggadressa er http://lindaemilia.wordpress.com

Det hadde vore kjempefint om alle kunne gjort om linken på sida si? Please? :)
Thank you.

tirsdag 21. juli 2009

Please don`t happen to me!

"Gulvet var dekket av hundeavføring, sengen var full av hundeurin, og maten måtte hun kjøpe selv. Anne (17) opplevde et amerikansk mareritt under utvekslingsoppholdet."

Eg hatar å høyre om sånne skrekkhistorier. Først og fremst fordi eg synst så utruleg synd på dei som får Amerikadrømmen sin knust på den måten. Eit utvekslingsår skal jo faktisk vere ei positiv og lærerik oppleving for både studenten og familien... Eg synst det er bra at mange utvekslingsorganisasjonar har slutta med å betale vertsfamiliane. Då kan ein på ein måte vite at familien har lyst å ha akkurat deg, og ikkje pengesummen dei får for å ha deg der. Det blir med ein gong litt meir personleg synst eg.

Tidlegare utvekslingsstudent hos vertsfamilien min, Joanna frå Portugal. Ho hadde ei veldig positiv oppleving av familien! :)

"I det nye hjemmet ble Anne møtt av det verste synet hun noen gang hadde sett. Gulvet var dekket av hundeavføring, luften var tett av tobakksrøyk og stanken var enorm. Hygienen var så dårlig, at huset kort tid etter ble erklært ulovlig å bo i, av politiet."

Vertsfamilien ein bur hos under eit utvekslingsår betyr nesten alt for korleis ein opplever året sitt, og då er det viktig at vertsfamilien og studenten passar saman. Då igjen er det viktig at organisasjonen ein reiser med brukar litt tid og energi på å finne den perfekte familien. Eg sjølv reiser med Explorius som tar imot 100 studentar til USA kvart år. Då veit eg at dei har mykje meir tid til kvar enkelt person, og ein drukner ikkje i mengda.. Ein blir attkjend og dei veit kven du er når du møter dei eller snakkar med dei på mail eller telefon. Viss ein utvekslingsstudent har hatt ei dårleg erfaring med eit selskap, så trenge jo ikkje det å bety at det er eit dårleg selskap. Det tyder heller på at det skjer litt for mykje i svingane på same tid, og at dei heller burde slakke litt med..

"
I amerikanske medier har det den siste tiden kommet frem flere lignende saker som viser at Anne ikke er alene. Bare i Scranton har flere av studentene rapportert om usle boforhold, med underernæring, trange og skitne leiligheter og utrygge forhold, ifølge CNN Det har blitt rettet sterk kritikk mot mangelfull kontroll og omsorgssvikt. "


f.v: Cece og (snart ektemann) Steven, Rica, Don og Barbara. Min vertsfamilie!

Det einaste eg kan gjere er vel å håpe på at ingen eg kjenner må oppleve noko sånt. Sjølv er eg på den sikre sida når det gjeld vertsfamilie, fordi eg har komt i så god kontakt med dei, og dei har tidlegare hatt to andre utvekslingsstudentar som eg har snakka med. Men lykke til alle sammen!

søndag 19. juli 2009

What? Berre 43 daga igjen...?

No er det 43 dagar igjen til eg reiser til USA. Det er over 6 veke til, men om det er bra eller dårleg veit eg ikkje heilt.. Eg føler ikkje at eg kjem til å få nok av alt her heime før eg reiser. Eg glede meg sinnsjukt til å reise til statane, men eg grue meg litt og. Mange utvekslingsstudenta har allereie reist, eller reiser no den nærmaste tida, og eg er heilt utruleg misunnelig på det og! Dei er heldige som får oppleve meir av sommaren der borte. Eg får berre eit par dagar før skulen begynne.
I tillegg føler eg at det er så mykje eg ikkje har fått gjort endå med tanke på USA greier. Eg har ikkje eingong vore på ambassanden endå! Og eg veit ikkje korleis det går med stipendet. Fekk beskjed om at behandlingstida var 8 veke ( og det er jo søren meg TO månader!). Eg har takka nei til skulen i Norge og sånn, men eg har ikkje snakka noke meir med rådgjevaren på skulen min i USA. Eg har satt opp ein plan på kas fag eg må ta der borte, men sjølvsagt har eg ikkje gadda (late, late meg!) å sendt den vidare til han. Får håpe at alt det der går i orden så det ikkje blir noke tull med godkjenninga.
Eg er ikkje på langt nær ferdig med å kjøpe gavar til vertsfamilien min. Eg veit eg skal ta med ostehøvel. Noken andre forslag??

Ka anna kan eg kjøpe til vertsfamilien? Ka har dåkke andre kjøpt?

søndag 12. juli 2009

Australia!

Vi mata og klappa kenguruar i Featherdale Wildlife Park. Dei var kjempesøte!
Sydney by night.

Sydney downtown, sett frå Operahuset.


Meg, Pappa og Martin framfor operahuset i Sydney. Vi var heldige med været, og hadde sol og ganske varmt. Norsk sommarvær, sjølvom det er vinter i Australia no.



tirsdag 7. juli 2009

Pakke, pakke, pakke..?

Ditta er det eg skal pakke med til Australia for 10 dagar.. Lure på kor mykje det blir når eg skal pakke til USA, og skal vere vekke i 10 månader! :S

Off off, eg har ikkje peiling på ka eg skal pakke med meg til USA! Eg veit at det er ganske lenge til eg skal reise, men eg føler for å begynne å tenke litt på det.
Eg kan ta med to koffertar med 20kg i kvar, men eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal ta med to endå. Eg skal prøve å pakke med meg minst mulig ting, sånn at eg heller kan kjøpe masse nytt der borte. Uansett så trenge eg vertfall to koffertar heim att, så kanskje det er like greit å ta med to no? Eller skal eg reise med ein, og heller kjøpe ein ny ein der borte? Huff huff dette er vanskelig! :( Eg trur eg må berre vente å sjå litt når det nærmar seg meir kva eg gjer... Når eg reiser 1.september er no dei fleste andre utveklingsstudentane reist, så då kan eg få litt tips og triks :)

Det blir to laaange flyturar i sommar. Godt eg har nakkeputa mi! :)

For tida så nyte eg sommaren med jobb, venna og kjærasten. Her er bilder frå hin dagen då eg og beate bada på brygga:


torsdag 2. juli 2009

Godkjenning frå skulen

Då var året mitt i USA blitt godkjent som vg2 media og kommunikasjon, sånn at eg kan begynne rett i 3. klasse når eg kjem heim! Det er fint at eg får fortsette å gå i klasse med dei eg går i klasse med no. Vi er på ein måte blitt sammenspleisa, og det hadde vore veldig kjipt å blir splitta...
Eg fekk brev i posten av rektoren hin dagen, så no er endeleg alt (nesten) i boks! Det einaste eg trenge å gjere no, er å sende inn ein søknad til lånekassa om stipend, og å ha møte på den Amerikanske ambassanden i Oslo 3. august.
Eg blei veldig letta då eg fekk brevet, for no veit eg endeleg litt meir om kor eg står i forhold til utdanninga. Det er liksom litt greit å vite. Det er litt rart å tenke på at når eg kjem igjen frå USA, så har eg berre eit år her i Sogn og Fjordane før eg må flytte igjen. Next stop blir Volda/Bergen/Oslo, avhengig av kor flink eg er...

1mka 08/09. Avslutning hos læraren vår Anne Brit.

søndag 21. juni 2009

Alone?

Eg har avreisedato til USA den 1. september, men eg veit ikkje om noken andre som reiser så seint! Alle eg veit om reiser i midten av august eller endå tidligare. Koffor er det berre eg som reiser så seint? Det er skikkelig urettferdig! Etter eg har reist, så skal eg på tre-dagers camp i New York før eg reiser vidare til familien min, og det vil seie at eg berre har 4 dagar med familien før skulen begynne. Dei på explorius sa det berre var bra å komme litt seint, fordi då slapp ein å gå heime åleine utan å vere med nokon på dagtid når vertsforeldrene er på jobb. Så ein ting er jo bra då vertfall! Men likevel, eg føler meg heilt åleine. Tenk om det er skikkelig få som skal på samme camp som meg i New York.

fredag 19. juni 2009

Dobbeltliv?

No kjenne eg at det begynne å nærme seg USA med stormskritt! Og ikkje minst Australiaturen! ;) Dinna sommaren skal bli superbra, og eg skal nyte den fullt ut med alle eg er glad i. Eg har egentlig litt blanda følelsar om det å vere vekke så lenge frå Norge. Ikkje det at eg har problem med å ikkje bu i Noreg, men eg kjem til å savne ein person her i Norge så utruleg mykje! Eg blir på gråten av berre å tenke på det. Vi har aldri vore så lenge vekke frå kvarandre før, og det blir sikkert heilt grusomt! Vi har vore i lag i nesten to og eit halvt år no, og vi har på det meste vore vekke frå kvarandre i maksimum 4 dagar i strekk. Når to personar har eit så tett forhold som vi to har, så er det ikkje så lett å tenke på å vere frå kvarandre. Vi har budd saman i to år, og har ein fantastisk kvardag saman. Mange turar har det blitt også; London, Praha, Gran Canaria.



Men på den andre sida så er det noke i meg som seie at eg ikkje kan la han stoppe meg. "Herregud du er berre 16, og har heile livet framfor deg".
Eg veit så godt at det er sant, og eg har ikkje tenkt å la det stoppe meg heller. Eg har alltid likt å reise og oppleve mykje, og eg skal fortsette å vere ein slik person ! Eg må ta sjansen no når eg har den, og eg veit at dette er noko som eg må gjere heilt åleine. Eg er ein individualist, og likar å utforske ting på eiga hand.

Det verste er ikkje det at eg kjem til å savne han så mykje, men tanken på at han kan ha det vanskeleg her i Noreg. Å tenke på at han kanskje kjedar seg eller er l
ei seg her utan at eg kan vere der for han. Det blir liksom som eit dobbeltliv. Den eine delen av meg vil vere her heime med kjæresten og vennane, medan den andre delen av meg vil vere i USA. Og uansett kva eg gjer blir eg aldri heilt fornøgd, for eg veit at eg må velje ein av delane uansett. Eg kan ikkje ha i både pose og sekk. Eg veit at eg må satse fullt og heilt på året mitt i USA for at det skal bli vellykka, og det har eg tenkt å gjere også. Dersom eg tar litt av alt, er det ingenting som blir bra. Kjærasten og Norge kan eg ha i mange år seinare, men USA har eg berre i 10 månader. 10 månader som kjem til å bli heilt fantastiske! :)

Men ein ting er vertfall sikkert, og det er at sommaren 2009 blir kongebra. Eg skal verkeleg leve livet, og eg har all grunn til å feire: 5,7 i snitt i standpunkt, sommarferie, sol, kvalitetstid med mine nærmaste og maaaasse turar! Dette blir bra! :)

torsdag 18. juni 2009

Wish You Were

Dinna sangen skal eg, Oda Marie, Lene og Ida synge på avslutninga for skulen i mårra (men uten den smurfestemma). Litt finjusteringar blir det nok gjort til vi skal framføre då men.
Dinna versjonen her har eg og Oda synge inn, og Oda skal og til USA til hausten! :)

søndag 14. juni 2009

Spring Lake og Grand Haven. Den raude rundingen er der eg skal bu.

Spring Lake High School.

Ikkje langt til skulen vertfall! :)

mandag 8. juni 2009

Infomøte!

I helga har eg vore i Oslo/Drammen for å delta på infomøte med Explorius. Møtet var på søndagen, lørdagen gjekk med til sightseeing i Oslo sentrum. Vi var på den nye operaen, vigelandsparken og vi såg MAMMA MIA MUSIKALEN! :)
Den var utrulig bra! Først synst eg det va litt rart at alle sangane var på norsk, men det glømte eg fort! Alle var utruleg flinke å synge, og eg må innrømme at eg faktisk likte musikalen betre enn filmen. Det var meir kraft og spenning i musikalen.

Mamma Mia musikalen.

Mamma Mia musikalen. "Donna and the Dynamites"



Mamma og Pappa i Vigelandsparken.

Vi sov på Clarion hotell i Drammen, og halv 10 om morgonen var det klart for SLEP- testen. Den var inndelt i to seksjonar, ein med lytte-oppgåver og ein med skriveoppgåver. Det var 74 avkryssingspm. i kvar del. I begynnelsen var det så lett at det var morsomt. Det var bilde av f.eks noken som stod utafor eit hus, og så var eit av alternativa "they are swimming in a pool". Hehe..
I slutten var det eigentlig litt vanskelig. Det var spørsmål med masse vanskelige ord, og det handla om kva slags kjemikalier som er brukt til å rense badebasseng, og korleis kvinner i USA fekk stemmerett i 1920. Eg blei ferdig med alle spørsmåla vertfall, og eg trur eg hadde mesteparten rett og. Håpa eg!
Frå kl. 12 begynte sjølve informasjonsmøtet, og det var veldig interessant! :) Fekk masse ark med forsikringspapir , " reiseguide", visum og masse andre ting. Dei snakka om korleis vi kunne forberede oss til USA-turen på best mogleg måte, og korleis vi skulle takle ulike situasjonar som kan oppstå. Vi gjekk gjennom reglar, soft landing camp ++..
Explorius hadde fått to tidlegare utvekslingstudentar til å komme å snakke om korleis dei hadde hatt det, og erfaringane deira. Det var veldig smart av explorius, og eg fekk masse tips og råd. :)
Håkon og Sara heitte dei. Håkom kom frå Drammen og budde i Minnesota i USA, medan Sara kom frå Sverige, og budde i Ohio i USA. Sara var kjempehyggelig, og vi satt å snakka med ho på toget frå Drammen til Oslo. Alt det ho sa fekk meg til å glede meg endå meir til å reise!

Pappa og tidlegare utvekslingsstudent Sara.

Informasjonsmøte på Rica Park Hotell i Drammen.


Flyet vårt heim til Førde. Ein og ein halv time forsinka...

torsdag 4. juni 2009

Endelig eit livstegn!

I dag fekk eg ein mail frå familien min i USA! Eg trur det var nesten ein og ein halv månad sidan sist eg prata med dei, så no var det jammen på tide. Både eg og dei har hatt det veldig travelt i det siste, sidan det nærmar seg slutten av skuleåret. Barbara er lærar for 7.klasse, og har hatt hendene fulle. Don har jobba med eit stort prosjekt på jobben, og har jobba masse på kveldstid og i helgene i det siste. Rica tar sommarferie i morgon. Spring Lake High School avsluttar og skuleåret denne fredagen. Off off, og eg har to harde veke igjen :(

Til helga skal eg på informasjonsmøte med Explorius. Eg, mamma og pappa tar fly til Oslo lørdags morgon, så skal vi kose oss i storbyen resten av den dagen. Eg har lyst til Tusenfryd med Oda Marie, men mamma og pappa hadde meir lyst til å gå på sightseeing i Oslo. Vigelandsparken å sånn...
Heile søndagen går med til informasjonsmøte. Det skal vere på Rica Park Hotel i Drammen.
Alle utvekslingsstudentar som skal til USA må gå igjennom ein 2 timers engelsk test (SLEP test) !! Eg skjønne ikkje heilt koffor, for eg skal jo reise uansett om eg gjer det dårleg eller ikkje.
Eg håpar det går bra, og eg trur ikkje eg har noko å grue meg til heller. :)
Møtet varer til 5-6, og etter det reiser vi heim med 10- flyet. Friii frå skulen på mandag!

Vigelandsparken, Oslo.

fredag 29. mai 2009

3 månader og 2 dagar igjen!

No er det berre tre månader og 2 dagar igjen til eg reiser til USA. Det er fortsatt ganske lenge til, men det er kjekt å tenke på at tida kjem til å gå kjempefort fram til eg skal reise! Berre sommaren igjen no. Eg glede meg supermasse!

tirsdag 12. mai 2009

Michigan here I come!

Tenkte kanskje at eg skulle legge ut eit bilete av kor eg skal bu neste år. Eg skal då bu i Spring Lake i Michigan, ein liten by ved kysten av Lake Michigan. Sjølve Spring Lake har ca. 3000 innbyggarar, men ligg berre ei mil frå Grand Haven som har 13 000 innbyggarar. Deretter igjen ligg Spring Lake/Grand haven ca. 5 mil frå Grand Rapids som har nesten 200 000 i populasjon.

Eg trur det skal vere stort nok for meg!





Grand Haven, USA

Grand Rapids, USA

mandag 11. mai 2009

Utolmodig? eg?

Eg føler at det har gått så utrulig lang tid sida sist eg snakka med noken i vertsfamilien no. Sist gang var for 2-3 veker sida, men det følest så mykje lenger! Eg sjekke emailen min heile tida i håp om eit "livstegn"... men neida. Eg veit at dei har veldig mykje å gjere for tida, og eg skal berre vere glad for at eg har fått vertsfamilie i det heile tatt. Men av og til lurer eg på om dei ikkje vil ha meg likevel, eller tenk om dei angrar eller har ombestemt seg for å vere vertsfamilie?
Det er nok berre eg som fantaserer, og eg blir berre så sjalu når eg leser at alle andre har snakka så masse med familien osv.. Eg og har lyst! Eg gledar meg skikkelig til å reise, og eg har lyst til å ha kontakt med dei i USA ofte. . Eg synest vertsfamilien min er så hyggelig, og det er så kjekt å snakke med dei. Eg vil helst at det skal skje noke nytt heile tida.

Don og Barbara

onsdag 6. mai 2009

La det koste - Pappa betaler

I dag fekk eg eit brev i posten frå Explorius. Eg var sjølvsagt kjempespent då eg opna det, sjølv om eg eigentleg visste at det ikkje var noko veldig spennande oppe i den store, kvite konvolutten.
Det var den siste rekninga eg skal betale inn før eg reiser, og den var på det svimlande beløpet 38 000 kroner! Eg har betalt 30 000 kr. frå før, så det vil seie at eg er oppe i nesten 70 000 kroner til saman no. Tre delbetalingar på 10 000 kroner kvar, pluss den siste på 20 000. I tillegg kjem sjukdom-, ulykke- og ansvarsforsikring på 6850kr, Valutatillegg på 6888kr og diverse anna på til saman 4000 kroner. Det er dyrt å vere utvekslingsstudent!

Heldigvis skal eg ikkje betale det sjølv, for det er det nemleg den supersnille pappaen min som gjer. Er eg bortskjemt? Eg veit at dei fleste meinar at eg er det, men eg synst ikkje det sjølv. Det er sant at eg får mange ting av han, men eg jobbar faktisk hardt for mine eigne pengar sjølv og. Eg jobbar minst tre dagar i veka, og eg er fullt klar over kor lenge eg må jobbe for å kjøpe noko. Eg måtte ha jobba i 648 timar, eller 164 dagar med kveldsvakter for å betale heile USA turen sjølv.
Sjølvsagt er eg kjempetakknemleg for at pappa skal betale, men eg får nesten litt dårleg samvittighet for det. Er det rettferdig at han skal betale alt? Burde eg kanskje betalt litt sjølv?
Ja eg burde vel kanskje det, men eg skal ikkje hindre han i å betale sidan han absolutt vil. Han er nesten meir gira enn meg på dinna USA-turen, og eg trur at han alltid har hatt ein drøm om at eg skal reise til USA som utvekslingsstudent. Han vil at eg skal få moglegheiten til å oppleve verda, og han er til og med meir enn villig til å betale det.

Tusen takk pappa!

lørdag 2. mai 2009

We need change!

På valdagen 4. november 2008 vart det klårt at Barack Obama vart den 44. presidenten i USA. Han er den første afro- amerikanske presidenten i USA si historie, og han vart innsett 20. januar 2009.

Visste du kven Barack Obama var før presidentvalet? Ikkje eg i alle fall.

Og no er han verdas mektigaste mann i verdas mektigaste land. Valt av folket. 
At Obama vann presidentvalet er ei stor historisk hending. At ein afro-amerikanar vinn eit fritt val i supernasjonen USA er noko som gjer inntrykk. I alle fall viss ein tenkjer på at svarte ikkje ein gong hadde stemmerett i USA på 60-talet. Obama har tatt eit kraftig oppgjer med rasefordommar, ikkje berre i USA, men i heile verda. 
Utfallet av valkampet viste oss ei ny side av USA, ei side som eg, og mange andre, likar å sjå. 


Shepard Fairey/Obey, Barack Obama campaign posters, 2008

Men kvifor vann eigentleg Obama valet?
 Slagorda hans var ”we need change”, og ”yes we can”. Han brukte ord som "hope" og "progress". Obama viste på alle måtar at han var annleis. Han er afro-amerikanar, han er ung, han hadde friske og nye meiningar. Obama hadde rett og slett ei stor evne til å begeistre folket. Dei fleste amerikanarar var leie av krig og elendighet, og dei trengde ei forandring.Dei ville ha noko nytt.
 Obama profilerte at han var imot Irakkrigen, han ville ha fred i USA. Totalt vann Obama 29 delstatsval, deriblant Michigan, der eg skal bu neste år.

Obama viste folket at han var ein seriøs og disiplinert mann, og han klarte å bevare roa gjennom den byrjande finanskrisa. Obama lærte også å kunne justere seg, å kunne rette på sine feil i valkampen. Han stod for det han sa. Utfordringane står i lange køer for den nye presidenten. Obama må levere resultat, i ein situasjon som blir rekna som den mest utfordrande ein nyvalgt president i USA har stått ovanfor sidan 1932. Det mest akutte nasjonale problemet er kanskje finanskrisa, som Obama er i full gong med å løyse med den siste krisepakken på 900 milliardar USD. Han vil også satse tyngre på grønn energi i framtida. Om Obama verkeleg lever opp til dei skyhøge forventningane vil tida vise, men han er allereie godt på veg. 
Obamas beordring om å stenge Guantanamo Bay viste oss allereie tidleg at han forhåpentlegvis vil gjere nokså store endringar i USA i tida framover.
Valet av Obama har i seg sjølv byrja å styrke omdømmet til USA, og den klåre motstanden først mot krigen i Irak og deretter mot tortur bidrar i same retninga. At Obama har sagt at han vil satse på diplomati og samarbeid i staden for enn våpenmakt, spesielt i forhold til Iran og Hamas, gir også positiv merksemd i verda, kanskje spesielt i Midtausten.



Obama kjem nok til å gjere mykje bra for USA framover, men det er lett å sjå at han er nødd til å skuffe nokon - han kan ikkje gjere absolutt alle til lags. Noko vi alle kan vere einige om er at han kan flyte lenge på det som var den aller største fordelen han hadde i valkampen - at han ikkje var George W. Bush.

Michigan

Her er to videoar som eg synest viser godt korleis det ser ut der eg skal vere neste år. Reklamefilmane er laga/publisert av eit reiseselskap i Michigan som heiter Pure Michigan.
http://www.michigan.org/Default.aspx



Snakke engelsk...?

I dag har eg snakka med vertsfamilien min på Skype.
Eg var nettopp komt inn døra heime frå jobb, og fekk nesten litt sjokk då dei ringte meg. Men det gjekk veldig fint, og alle orda (nesten vertfall) kom av seg sjølv. Eg merkar kor mykje eg gledar meg til å lære engelsk heilt flytande!

Det blir kjekt å kunne snakke engelsk utan å tenke på at ein snakkar eit framandt språk. Eg kjem sikkert til å snakke betre engelsk enn norsk etter året mitt i USA! Eg merkar det så godt allereie: Berre eg les litt engelsk, så gløymer eg mange norske ord. Eg tenker på engelsk, og difor kjem eg ikkje på den norske tydinga av ordet. Ein av grunnane til at eg synest det engelske språket er så fasinerande, er fordi det har eit fantastisk vokabular! Ein har så mange ord å velje mellom. Det norske vokabularet kan ikkje ein gong måle seg med det engelske! Det fins alltid eit ord som tyder det same.
Engelsk er spredt utover heile verda, og det blir utvikla meir og meir for kvar dag som går. Nesten alle menneske i heile verda kan snakke engelsk, og eg veit at eg kjem til å få god bruk for engelsk seinare i livet. Eg vil seie at engelsk nesten er eit livsviktig språk. Engelsk er rett og slett eit utruleg spennande! Eg er veldig glad for at eg har fått sjansen til å lære å snakke det ordentleg.



Spring Lake High School

Om ca. eit år skal eg ha gått ut av Spring Lake High School som senior. 

Eg både gruar og gler meg til å begynne på High School i USA, og eg trur at det er mykje som kjem til å vere heilt nytt for meg.

Joana, graduation Spring Lake High School. Foto: Don.


Det eg er mest redd for, er at eg ikkje kjem til å forstå undervisninga, eller at eg ikkje kjem til å finne fram. Tross alt, det er jo ein ganske stor skule, med nesten 850 elevar!

Skulen har berre 36 lærarar. Eg synest det høyrtes så lite ut, men det er vel ikkje det…? Litt rask hoderekning seie meg at det blir ca. 22 elevar per lærar. Eg trur vi har ein del fleire lærarar per elev på MOJO vertfall. 
Det er 52% gutar, og 48% jenter på skulen, og av alle desse er 96% kvite, 2% asiatiske, 1% svarte og 1% latinamerikanske.

Joana (siste utvekslingsstudent) foran skulebygningen. Graduation day. Foto: Don


Spring Lake High School opna hausten 2000, så det er ein forholdsvis ny skule. Eg har høyrt frå folk eg har blitt kjend med at skulen som oftast har 3-4 utvekslingsstudentar kvart år. Det var ein lettelse frå mi side. Då veit eg at skulen har hatt ein del erfaringar med utvekslingsstudentar frå før, og at det er andre i same situasjon på skulen. Det blir rett og slett ein tryggleik.
I det siste har eg snakka ein del med rådgjevaren min på skulen i USA, og vi har sette opp eit forslag til kva fag eg skal ta. 
Den klassa eg ville ta på Careerline Tech Center, var jo sjølvsagt allereie full for neste år. Det same var klassa (på skulen) som går ut på å lage skuleavis og årbok. Dette var eit slag i ansiktet, men rådgjevaren lovde at eg skulle få plass viss nokon andre droppe ut.

Her er lista over faga eg skal ta:
American Literature (One Trimester)

US History (Two Trimesters)

American Government (One trimester)

Communication Through Writing

World History

Current Events

Film

Web Page Design

Web Page Design ll

Creative Writing

Womens Health and Fitness (gym)

Speech/ debate

Senior English

Graphic design

Independent/family living
(School Publications)

Nettsida til skulen for meir info: http://www.spring-lake.k12.mi.us/High/

mandag 27. april 2009

Forventningar..?

"Eg sitter åleine på flyet til Grand Rapids med ein heil del blanda følelsar. Eg har sommarfuglar i magen, og ser fram til å møte familien min på flyplassen.
Samtidig kanskje eg er litt trist også? Med tanke på at eg ikkje får sjå nokon i Noreg på over 10 månadar…. Eg legg det temaet frå meg i det eg går ut frå flyet, og eg ser for meg at eg nesten spring mot utgangen der heile min amerikanske familie mottar meg med opne armar.
Vi køyrer heim medan vi pratar med kvarandre. Korleis var New York, og turen hit? Savnar du Noreg? Osv, er spørsmål eg trur dei vil stille meg. Dagen er solfull. Når vi kjem heim i huset tar vi oss alle eit stort glas med kald og forfriskande iste, og eg ser meg rundt i huset og i hagen utanfor. Deretter går eg ned på rommet mitt med kofferten, og eg tar på meg ein deilig sommarkjole. Eg foreslår at vi går ein tur, vi har med Baxter i band.
Vi går rundt i nabolaget, ned til stranda, forbi treningsstudioet og skulen. Eg har mitt Panasonic LX3 rundt halsen, og eg tar masse bilete av dei flotte, solfulle omgjevnadane."


Dette er tanken min av den første dagen min i Spring Lake. Når eg tenker på korleis eg skal ha det i USA, er alt rosenraudt og vidunderleg. Sjølv om eg håpar på det beste, vil nok ikkje absolutt alt gå på skinner. Eg kan ikkje vite kva som kjem til å skje på førehand, men trur at eg kjem til å like meg godt.
Eg har snakka mykje med familien min, og i tillegg fått ein del respons frå dei to andre utvekslingsstudentane dei har hatt. Dei har fortalt meg ein del om korleis familien min er å bu saman med, om skulen, komme inn i miljøet osv. Eg føler meg ganske sikker på den sida, og eg gledar meg kjempemasse til å byrje. Eg har allereie fått mange venner som også skal vere senior neste år. Alle eg har snakka med har sagt at vi må vere saman når eg kjem. Mitt inntrykk er at alle i Spring Lake er ganske gira på utvekslingsstudentar! Eg er overbevist om at dei vil ønske meg velkomen med opne armar.

Mitt største mareritt er at eg får heimlengsel, og det er det eg trur er det ”verste” som kan skje meg i USA. Det er det verste som kan skje fordi det ikkje er noko eg kan gjere noko med det. Heimlengsel må eg berre leve med. Men eg trur eigentleg ikkje eg kjem til å voldsam heimlengsel. Eg veit eg kjem til å savne kjæresten, familien og vennane mine dei første vekene, men det vil nok gå over. Eg har alltid vore av slik at eg fort klarer å tilrettelegge meg til nye samfunn. Eg er sikker på at i slutten av året vil eg ikkje heim att!



Eg kjem til å savne dåkke Joakim og Beate!

fredag 24. april 2009

Jødedommen

Sidan vertsfamilien min er jødisk, skal eg skrive litt fakta om jødedommen.
Eg gler meg til å få vite meir, og lære meir om jødedommen. 
Eg er kjempeglad for at familien min er jødisk, fordi det blir noko litt utanom det vanlege, og eg trur eg kan lære mykje sosialt. Kunnskap om andre religionar er noko som eg trur kan kome godt med seinare i livet. 

Det er cirka 14 millionar jødar rundt omkring i verda, og omkring 6 millionar av desse bur i USA.
Dette svarer til ca. 2 % av befolkninga. Så eg har jammen vore heldig! 

Jødane er opptatte av å fin
ne ut kva som er Guds vilje med alle ting på jorda, og Gud har gjeve livet i gåve til menneska. Jødedommen og kristendommen er to religionar som har svært mykje til felles.
Den største forskjellen er at i jødedommen er Gud ein person, medan i kristendommen er Gud tre personar (Gud sjølv, Jesus og den heilage ande).


Hanukka er ei jødisk høgtid som vi
i kristendommen vil kalle julefeiring. I år kjem hanukka den 11. Desember. Kvar kveld i hankukka, tenner ein eit lys i ein åttearma lysestake. Det er også ein tradisjon å gje gåvar, ein for kvar dag. Hanukka blir feira til minne om at jødane i år 164 f.Kr. reinsa tempelet etter at syrarkongen hadde vanhelga det med bilete av den greske guden Zevs.

Cece, Rica, Joana og Barbara tenner lys.
Hannukafeiring 2007. Rica, Cece, forlovaren, Barbara og Joana (utvekslingsstudent).

Ut i frå det eg har forstått er familien min av den liberale typen. Dei feirer dei jødiske høgtidene, men er ikkje strenge på jødiske levereglar. I følge den forrige utvekslingsstudenten et dei ikkje kosher- mat.

Kasjrút (kosher)
• Vegetabilsk mat er kosher.
• Sjømat er berre kasjér om han har skjell og finnar .
• Av kjøtt frå dyr kan berre kjøttet av klauvdyr drøvtygger vere kosher.
• Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast
• Egg av reine dyr er kosher om dei er frie for blod.
• Mjølkeprodukt må kome frå reine dyr
• Bland ikkje mjølk og kjøtt i same måltid
• Når det er pesaḥ (påske) et ein berre usyra mat.


Noko av det første eg tenker på når eg tenkjer på jødedommen, er kanskje korleis dei blei behandla under 2. verdskrig. Jødehatet har alltid vore størst blant kristne i Europa, og kjem av forestillinga ”det var jødane som drap Jesus”. Mi tolkning er at mange kristne var misunnelege på jødane.
Kirka har alltid brukt jødane som syndebukkar; braut det ut ein epidemi, eller det var mistanke om ein forbrytelse, var det alltid jødane som fekk skulda. Jødane blei sett på som opphavet til alt ondt.
Det var slik antisemittismen utvikla seg. I dag er jødehat mest knytt til muslimar, på grunn av konflikten mellom staten Israel og arabarane i Midtausten.


Dokumentaren som eg linkar til (under) handlar om jødar i Noreg under krigen, der fem overlevande har fortald si historie. Dette er ein utruleg fin dokumentar som eg trur skildrer godt korleis det var for jødane i Noreg. Det dei fortalde gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg, og eg har fått meir forståelse. Eg vil anbefale alle å sjå den!

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/358853

tirsdag 14. april 2009

Avreisedato 1.september

No har eg fått vite avreisedatoen eg reiser til USA. Det blir den 1.september! Så skal vi ha tre dagar med sightseeing i New York, før eg kjem fram til vertsfamilien min i Spring Lake den 4.september. Datoen var fin den, og eg synest det er deilig å tenke på sommaren varer heile august! Bakdelen med datoen er at det også er bursdagen til kjæresten min. Men vi får tenke positivt på det; hadde eg reist før hadde eg uansett ikkje vore der på bursdagen hans. Det er kjekt å endeleg ha noko fast å forhalde seg til. No når eg veit kortid eg skal reise, kan eg begynne å planlegge litt meir av sommaren. Dette blir kjekt!

lørdag 4. april 2009

Heim, kjære heim

Dette er då soverommet mitt og badet mitt i USA. Alt ser kjempefint ut! Senga ser skikkelig deilig ut, og den har kvit ramme og rosa teppe. Det er nesten som ein drøym som aldri har gått i oppfylling før no!
Senga med det rosa teppet står i stil med speilet, som også er rosa. Kommoden, nattbordet, skrivebordet og hylla er i kvitmalt tre. Alt matchar alt. Eg elskar rommet mitt, og eg gler meg til å henge bilete på veggane!

Soverommet mitt ligg i kjellaren, som eigentleg er første etasje sidan det er på bakkenivå. Eg har fin utsikt ut i hagen. I kjellaren er det TV- stove, bad og mitt soverom, som alt er i min disposisjon. I TV- stova er det eit stort biljardbord, så no skal eg bli ein mester i biljard! Alle romma er moderne og koselige, og eg veit at eg kjem til å trivst. Dessutan er det deilig at eg slepp å dele rom med nokon. Ååh, det kriblar i mage, eg glede meg så masse til å komme dit!




mandag 23. mars 2009

My bedroom


Her er då bilde av rommet mitt i Spring Lake =)
Kjempefint!

tirsdag 17. mars 2009

Spring Lake - My New Home


Eg skal bu i ein by som heiter Spring Lake, som ligg i Michigan.
Byen ligger rett intil Michigan innsjøen, og har blitt kåra av New York Times til å ha ein av USAs topp 5 strender!Nabobyen (som eg eigentlig trur at Spring Lake er ein del av) heiter Grand Haven, og er ein skikkelig koselig by.Klimaet er stabilt, med varmt vær om sommaren og veldig kaldt om vinteren. Men det er eg jo vand med! Hehe..Spring Lake er ein superfin og koselig by, og eg elskar omgjevnadane, naturen og stranda allereie!

Spring Lake


Light Tower in Grand Haven.

Cold in the winter, just like Norway!

The beach.