fredag 29. mai 2009

3 månader og 2 dagar igjen!

No er det berre tre månader og 2 dagar igjen til eg reiser til USA. Det er fortsatt ganske lenge til, men det er kjekt å tenke på at tida kjem til å gå kjempefort fram til eg skal reise! Berre sommaren igjen no. Eg glede meg supermasse!

tirsdag 12. mai 2009

Michigan here I come!

Tenkte kanskje at eg skulle legge ut eit bilete av kor eg skal bu neste år. Eg skal då bu i Spring Lake i Michigan, ein liten by ved kysten av Lake Michigan. Sjølve Spring Lake har ca. 3000 innbyggarar, men ligg berre ei mil frå Grand Haven som har 13 000 innbyggarar. Deretter igjen ligg Spring Lake/Grand haven ca. 5 mil frå Grand Rapids som har nesten 200 000 i populasjon.

Eg trur det skal vere stort nok for meg!





Grand Haven, USA

Grand Rapids, USA

mandag 11. mai 2009

Utolmodig? eg?

Eg føler at det har gått så utrulig lang tid sida sist eg snakka med noken i vertsfamilien no. Sist gang var for 2-3 veker sida, men det følest så mykje lenger! Eg sjekke emailen min heile tida i håp om eit "livstegn"... men neida. Eg veit at dei har veldig mykje å gjere for tida, og eg skal berre vere glad for at eg har fått vertsfamilie i det heile tatt. Men av og til lurer eg på om dei ikkje vil ha meg likevel, eller tenk om dei angrar eller har ombestemt seg for å vere vertsfamilie?
Det er nok berre eg som fantaserer, og eg blir berre så sjalu når eg leser at alle andre har snakka så masse med familien osv.. Eg og har lyst! Eg gledar meg skikkelig til å reise, og eg har lyst til å ha kontakt med dei i USA ofte. . Eg synest vertsfamilien min er så hyggelig, og det er så kjekt å snakke med dei. Eg vil helst at det skal skje noke nytt heile tida.

Don og Barbara

onsdag 6. mai 2009

La det koste - Pappa betaler

I dag fekk eg eit brev i posten frå Explorius. Eg var sjølvsagt kjempespent då eg opna det, sjølv om eg eigentleg visste at det ikkje var noko veldig spennande oppe i den store, kvite konvolutten.
Det var den siste rekninga eg skal betale inn før eg reiser, og den var på det svimlande beløpet 38 000 kroner! Eg har betalt 30 000 kr. frå før, så det vil seie at eg er oppe i nesten 70 000 kroner til saman no. Tre delbetalingar på 10 000 kroner kvar, pluss den siste på 20 000. I tillegg kjem sjukdom-, ulykke- og ansvarsforsikring på 6850kr, Valutatillegg på 6888kr og diverse anna på til saman 4000 kroner. Det er dyrt å vere utvekslingsstudent!

Heldigvis skal eg ikkje betale det sjølv, for det er det nemleg den supersnille pappaen min som gjer. Er eg bortskjemt? Eg veit at dei fleste meinar at eg er det, men eg synst ikkje det sjølv. Det er sant at eg får mange ting av han, men eg jobbar faktisk hardt for mine eigne pengar sjølv og. Eg jobbar minst tre dagar i veka, og eg er fullt klar over kor lenge eg må jobbe for å kjøpe noko. Eg måtte ha jobba i 648 timar, eller 164 dagar med kveldsvakter for å betale heile USA turen sjølv.
Sjølvsagt er eg kjempetakknemleg for at pappa skal betale, men eg får nesten litt dårleg samvittighet for det. Er det rettferdig at han skal betale alt? Burde eg kanskje betalt litt sjølv?
Ja eg burde vel kanskje det, men eg skal ikkje hindre han i å betale sidan han absolutt vil. Han er nesten meir gira enn meg på dinna USA-turen, og eg trur at han alltid har hatt ein drøm om at eg skal reise til USA som utvekslingsstudent. Han vil at eg skal få moglegheiten til å oppleve verda, og han er til og med meir enn villig til å betale det.

Tusen takk pappa!

lørdag 2. mai 2009

We need change!

På valdagen 4. november 2008 vart det klårt at Barack Obama vart den 44. presidenten i USA. Han er den første afro- amerikanske presidenten i USA si historie, og han vart innsett 20. januar 2009.

Visste du kven Barack Obama var før presidentvalet? Ikkje eg i alle fall.

Og no er han verdas mektigaste mann i verdas mektigaste land. Valt av folket. 
At Obama vann presidentvalet er ei stor historisk hending. At ein afro-amerikanar vinn eit fritt val i supernasjonen USA er noko som gjer inntrykk. I alle fall viss ein tenkjer på at svarte ikkje ein gong hadde stemmerett i USA på 60-talet. Obama har tatt eit kraftig oppgjer med rasefordommar, ikkje berre i USA, men i heile verda. 
Utfallet av valkampet viste oss ei ny side av USA, ei side som eg, og mange andre, likar å sjå. 


Shepard Fairey/Obey, Barack Obama campaign posters, 2008

Men kvifor vann eigentleg Obama valet?
 Slagorda hans var ”we need change”, og ”yes we can”. Han brukte ord som "hope" og "progress". Obama viste på alle måtar at han var annleis. Han er afro-amerikanar, han er ung, han hadde friske og nye meiningar. Obama hadde rett og slett ei stor evne til å begeistre folket. Dei fleste amerikanarar var leie av krig og elendighet, og dei trengde ei forandring.Dei ville ha noko nytt.
 Obama profilerte at han var imot Irakkrigen, han ville ha fred i USA. Totalt vann Obama 29 delstatsval, deriblant Michigan, der eg skal bu neste år.

Obama viste folket at han var ein seriøs og disiplinert mann, og han klarte å bevare roa gjennom den byrjande finanskrisa. Obama lærte også å kunne justere seg, å kunne rette på sine feil i valkampen. Han stod for det han sa. Utfordringane står i lange køer for den nye presidenten. Obama må levere resultat, i ein situasjon som blir rekna som den mest utfordrande ein nyvalgt president i USA har stått ovanfor sidan 1932. Det mest akutte nasjonale problemet er kanskje finanskrisa, som Obama er i full gong med å løyse med den siste krisepakken på 900 milliardar USD. Han vil også satse tyngre på grønn energi i framtida. Om Obama verkeleg lever opp til dei skyhøge forventningane vil tida vise, men han er allereie godt på veg. 
Obamas beordring om å stenge Guantanamo Bay viste oss allereie tidleg at han forhåpentlegvis vil gjere nokså store endringar i USA i tida framover.
Valet av Obama har i seg sjølv byrja å styrke omdømmet til USA, og den klåre motstanden først mot krigen i Irak og deretter mot tortur bidrar i same retninga. At Obama har sagt at han vil satse på diplomati og samarbeid i staden for enn våpenmakt, spesielt i forhold til Iran og Hamas, gir også positiv merksemd i verda, kanskje spesielt i Midtausten.



Obama kjem nok til å gjere mykje bra for USA framover, men det er lett å sjå at han er nødd til å skuffe nokon - han kan ikkje gjere absolutt alle til lags. Noko vi alle kan vere einige om er at han kan flyte lenge på det som var den aller største fordelen han hadde i valkampen - at han ikkje var George W. Bush.

Michigan

Her er to videoar som eg synest viser godt korleis det ser ut der eg skal vere neste år. Reklamefilmane er laga/publisert av eit reiseselskap i Michigan som heiter Pure Michigan.
http://www.michigan.org/Default.aspx



Snakke engelsk...?

I dag har eg snakka med vertsfamilien min på Skype.
Eg var nettopp komt inn døra heime frå jobb, og fekk nesten litt sjokk då dei ringte meg. Men det gjekk veldig fint, og alle orda (nesten vertfall) kom av seg sjølv. Eg merkar kor mykje eg gledar meg til å lære engelsk heilt flytande!

Det blir kjekt å kunne snakke engelsk utan å tenke på at ein snakkar eit framandt språk. Eg kjem sikkert til å snakke betre engelsk enn norsk etter året mitt i USA! Eg merkar det så godt allereie: Berre eg les litt engelsk, så gløymer eg mange norske ord. Eg tenker på engelsk, og difor kjem eg ikkje på den norske tydinga av ordet. Ein av grunnane til at eg synest det engelske språket er så fasinerande, er fordi det har eit fantastisk vokabular! Ein har så mange ord å velje mellom. Det norske vokabularet kan ikkje ein gong måle seg med det engelske! Det fins alltid eit ord som tyder det same.
Engelsk er spredt utover heile verda, og det blir utvikla meir og meir for kvar dag som går. Nesten alle menneske i heile verda kan snakke engelsk, og eg veit at eg kjem til å få god bruk for engelsk seinare i livet. Eg vil seie at engelsk nesten er eit livsviktig språk. Engelsk er rett og slett eit utruleg spennande! Eg er veldig glad for at eg har fått sjansen til å lære å snakke det ordentleg.



Spring Lake High School

Om ca. eit år skal eg ha gått ut av Spring Lake High School som senior. 

Eg både gruar og gler meg til å begynne på High School i USA, og eg trur at det er mykje som kjem til å vere heilt nytt for meg.

Joana, graduation Spring Lake High School. Foto: Don.


Det eg er mest redd for, er at eg ikkje kjem til å forstå undervisninga, eller at eg ikkje kjem til å finne fram. Tross alt, det er jo ein ganske stor skule, med nesten 850 elevar!

Skulen har berre 36 lærarar. Eg synest det høyrtes så lite ut, men det er vel ikkje det…? Litt rask hoderekning seie meg at det blir ca. 22 elevar per lærar. Eg trur vi har ein del fleire lærarar per elev på MOJO vertfall. 
Det er 52% gutar, og 48% jenter på skulen, og av alle desse er 96% kvite, 2% asiatiske, 1% svarte og 1% latinamerikanske.

Joana (siste utvekslingsstudent) foran skulebygningen. Graduation day. Foto: Don


Spring Lake High School opna hausten 2000, så det er ein forholdsvis ny skule. Eg har høyrt frå folk eg har blitt kjend med at skulen som oftast har 3-4 utvekslingsstudentar kvart år. Det var ein lettelse frå mi side. Då veit eg at skulen har hatt ein del erfaringar med utvekslingsstudentar frå før, og at det er andre i same situasjon på skulen. Det blir rett og slett ein tryggleik.
I det siste har eg snakka ein del med rådgjevaren min på skulen i USA, og vi har sette opp eit forslag til kva fag eg skal ta. 
Den klassa eg ville ta på Careerline Tech Center, var jo sjølvsagt allereie full for neste år. Det same var klassa (på skulen) som går ut på å lage skuleavis og årbok. Dette var eit slag i ansiktet, men rådgjevaren lovde at eg skulle få plass viss nokon andre droppe ut.

Her er lista over faga eg skal ta:
American Literature (One Trimester)

US History (Two Trimesters)

American Government (One trimester)

Communication Through Writing

World History

Current Events

Film

Web Page Design

Web Page Design ll

Creative Writing

Womens Health and Fitness (gym)

Speech/ debate

Senior English

Graphic design

Independent/family living
(School Publications)

Nettsida til skulen for meir info: http://www.spring-lake.k12.mi.us/High/