søndag 21. juni 2009

Alone?

Eg har avreisedato til USA den 1. september, men eg veit ikkje om noken andre som reiser så seint! Alle eg veit om reiser i midten av august eller endå tidligare. Koffor er det berre eg som reiser så seint? Det er skikkelig urettferdig! Etter eg har reist, så skal eg på tre-dagers camp i New York før eg reiser vidare til familien min, og det vil seie at eg berre har 4 dagar med familien før skulen begynne. Dei på explorius sa det berre var bra å komme litt seint, fordi då slapp ein å gå heime åleine utan å vere med nokon på dagtid når vertsforeldrene er på jobb. Så ein ting er jo bra då vertfall! Men likevel, eg føler meg heilt åleine. Tenk om det er skikkelig få som skal på samme camp som meg i New York.

fredag 19. juni 2009

Dobbeltliv?

No kjenne eg at det begynne å nærme seg USA med stormskritt! Og ikkje minst Australiaturen! ;) Dinna sommaren skal bli superbra, og eg skal nyte den fullt ut med alle eg er glad i. Eg har egentlig litt blanda følelsar om det å vere vekke så lenge frå Norge. Ikkje det at eg har problem med å ikkje bu i Noreg, men eg kjem til å savne ein person her i Norge så utruleg mykje! Eg blir på gråten av berre å tenke på det. Vi har aldri vore så lenge vekke frå kvarandre før, og det blir sikkert heilt grusomt! Vi har vore i lag i nesten to og eit halvt år no, og vi har på det meste vore vekke frå kvarandre i maksimum 4 dagar i strekk. Når to personar har eit så tett forhold som vi to har, så er det ikkje så lett å tenke på å vere frå kvarandre. Vi har budd saman i to år, og har ein fantastisk kvardag saman. Mange turar har det blitt også; London, Praha, Gran Canaria.



Men på den andre sida så er det noke i meg som seie at eg ikkje kan la han stoppe meg. "Herregud du er berre 16, og har heile livet framfor deg".
Eg veit så godt at det er sant, og eg har ikkje tenkt å la det stoppe meg heller. Eg har alltid likt å reise og oppleve mykje, og eg skal fortsette å vere ein slik person ! Eg må ta sjansen no når eg har den, og eg veit at dette er noko som eg må gjere heilt åleine. Eg er ein individualist, og likar å utforske ting på eiga hand.

Det verste er ikkje det at eg kjem til å savne han så mykje, men tanken på at han kan ha det vanskeleg her i Noreg. Å tenke på at han kanskje kjedar seg eller er l
ei seg her utan at eg kan vere der for han. Det blir liksom som eit dobbeltliv. Den eine delen av meg vil vere her heime med kjæresten og vennane, medan den andre delen av meg vil vere i USA. Og uansett kva eg gjer blir eg aldri heilt fornøgd, for eg veit at eg må velje ein av delane uansett. Eg kan ikkje ha i både pose og sekk. Eg veit at eg må satse fullt og heilt på året mitt i USA for at det skal bli vellykka, og det har eg tenkt å gjere også. Dersom eg tar litt av alt, er det ingenting som blir bra. Kjærasten og Norge kan eg ha i mange år seinare, men USA har eg berre i 10 månader. 10 månader som kjem til å bli heilt fantastiske! :)

Men ein ting er vertfall sikkert, og det er at sommaren 2009 blir kongebra. Eg skal verkeleg leve livet, og eg har all grunn til å feire: 5,7 i snitt i standpunkt, sommarferie, sol, kvalitetstid med mine nærmaste og maaaasse turar! Dette blir bra! :)

torsdag 18. juni 2009

Wish You Were

Dinna sangen skal eg, Oda Marie, Lene og Ida synge på avslutninga for skulen i mårra (men uten den smurfestemma). Litt finjusteringar blir det nok gjort til vi skal framføre då men.
Dinna versjonen her har eg og Oda synge inn, og Oda skal og til USA til hausten! :)

søndag 14. juni 2009

Spring Lake og Grand Haven. Den raude rundingen er der eg skal bu.

Spring Lake High School.

Ikkje langt til skulen vertfall! :)

mandag 8. juni 2009

Infomøte!

I helga har eg vore i Oslo/Drammen for å delta på infomøte med Explorius. Møtet var på søndagen, lørdagen gjekk med til sightseeing i Oslo sentrum. Vi var på den nye operaen, vigelandsparken og vi såg MAMMA MIA MUSIKALEN! :)
Den var utrulig bra! Først synst eg det va litt rart at alle sangane var på norsk, men det glømte eg fort! Alle var utruleg flinke å synge, og eg må innrømme at eg faktisk likte musikalen betre enn filmen. Det var meir kraft og spenning i musikalen.

Mamma Mia musikalen.

Mamma Mia musikalen. "Donna and the Dynamites"



Mamma og Pappa i Vigelandsparken.

Vi sov på Clarion hotell i Drammen, og halv 10 om morgonen var det klart for SLEP- testen. Den var inndelt i to seksjonar, ein med lytte-oppgåver og ein med skriveoppgåver. Det var 74 avkryssingspm. i kvar del. I begynnelsen var det så lett at det var morsomt. Det var bilde av f.eks noken som stod utafor eit hus, og så var eit av alternativa "they are swimming in a pool". Hehe..
I slutten var det eigentlig litt vanskelig. Det var spørsmål med masse vanskelige ord, og det handla om kva slags kjemikalier som er brukt til å rense badebasseng, og korleis kvinner i USA fekk stemmerett i 1920. Eg blei ferdig med alle spørsmåla vertfall, og eg trur eg hadde mesteparten rett og. Håpa eg!
Frå kl. 12 begynte sjølve informasjonsmøtet, og det var veldig interessant! :) Fekk masse ark med forsikringspapir , " reiseguide", visum og masse andre ting. Dei snakka om korleis vi kunne forberede oss til USA-turen på best mogleg måte, og korleis vi skulle takle ulike situasjonar som kan oppstå. Vi gjekk gjennom reglar, soft landing camp ++..
Explorius hadde fått to tidlegare utvekslingstudentar til å komme å snakke om korleis dei hadde hatt det, og erfaringane deira. Det var veldig smart av explorius, og eg fekk masse tips og råd. :)
Håkon og Sara heitte dei. Håkom kom frå Drammen og budde i Minnesota i USA, medan Sara kom frå Sverige, og budde i Ohio i USA. Sara var kjempehyggelig, og vi satt å snakka med ho på toget frå Drammen til Oslo. Alt det ho sa fekk meg til å glede meg endå meir til å reise!

Pappa og tidlegare utvekslingsstudent Sara.

Informasjonsmøte på Rica Park Hotell i Drammen.


Flyet vårt heim til Førde. Ein og ein halv time forsinka...

torsdag 4. juni 2009

Endelig eit livstegn!

I dag fekk eg ein mail frå familien min i USA! Eg trur det var nesten ein og ein halv månad sidan sist eg prata med dei, så no var det jammen på tide. Både eg og dei har hatt det veldig travelt i det siste, sidan det nærmar seg slutten av skuleåret. Barbara er lærar for 7.klasse, og har hatt hendene fulle. Don har jobba med eit stort prosjekt på jobben, og har jobba masse på kveldstid og i helgene i det siste. Rica tar sommarferie i morgon. Spring Lake High School avsluttar og skuleåret denne fredagen. Off off, og eg har to harde veke igjen :(

Til helga skal eg på informasjonsmøte med Explorius. Eg, mamma og pappa tar fly til Oslo lørdags morgon, så skal vi kose oss i storbyen resten av den dagen. Eg har lyst til Tusenfryd med Oda Marie, men mamma og pappa hadde meir lyst til å gå på sightseeing i Oslo. Vigelandsparken å sånn...
Heile søndagen går med til informasjonsmøte. Det skal vere på Rica Park Hotel i Drammen.
Alle utvekslingsstudentar som skal til USA må gå igjennom ein 2 timers engelsk test (SLEP test) !! Eg skjønne ikkje heilt koffor, for eg skal jo reise uansett om eg gjer det dårleg eller ikkje.
Eg håpar det går bra, og eg trur ikkje eg har noko å grue meg til heller. :)
Møtet varer til 5-6, og etter det reiser vi heim med 10- flyet. Friii frå skulen på mandag!

Vigelandsparken, Oslo.