mandag 27. april 2009

Forventningar..?

"Eg sitter åleine på flyet til Grand Rapids med ein heil del blanda følelsar. Eg har sommarfuglar i magen, og ser fram til å møte familien min på flyplassen.
Samtidig kanskje eg er litt trist også? Med tanke på at eg ikkje får sjå nokon i Noreg på over 10 månadar…. Eg legg det temaet frå meg i det eg går ut frå flyet, og eg ser for meg at eg nesten spring mot utgangen der heile min amerikanske familie mottar meg med opne armar.
Vi køyrer heim medan vi pratar med kvarandre. Korleis var New York, og turen hit? Savnar du Noreg? Osv, er spørsmål eg trur dei vil stille meg. Dagen er solfull. Når vi kjem heim i huset tar vi oss alle eit stort glas med kald og forfriskande iste, og eg ser meg rundt i huset og i hagen utanfor. Deretter går eg ned på rommet mitt med kofferten, og eg tar på meg ein deilig sommarkjole. Eg foreslår at vi går ein tur, vi har med Baxter i band.
Vi går rundt i nabolaget, ned til stranda, forbi treningsstudioet og skulen. Eg har mitt Panasonic LX3 rundt halsen, og eg tar masse bilete av dei flotte, solfulle omgjevnadane."


Dette er tanken min av den første dagen min i Spring Lake. Når eg tenker på korleis eg skal ha det i USA, er alt rosenraudt og vidunderleg. Sjølv om eg håpar på det beste, vil nok ikkje absolutt alt gå på skinner. Eg kan ikkje vite kva som kjem til å skje på førehand, men trur at eg kjem til å like meg godt.
Eg har snakka mykje med familien min, og i tillegg fått ein del respons frå dei to andre utvekslingsstudentane dei har hatt. Dei har fortalt meg ein del om korleis familien min er å bu saman med, om skulen, komme inn i miljøet osv. Eg føler meg ganske sikker på den sida, og eg gledar meg kjempemasse til å byrje. Eg har allereie fått mange venner som også skal vere senior neste år. Alle eg har snakka med har sagt at vi må vere saman når eg kjem. Mitt inntrykk er at alle i Spring Lake er ganske gira på utvekslingsstudentar! Eg er overbevist om at dei vil ønske meg velkomen med opne armar.

Mitt største mareritt er at eg får heimlengsel, og det er det eg trur er det ”verste” som kan skje meg i USA. Det er det verste som kan skje fordi det ikkje er noko eg kan gjere noko med det. Heimlengsel må eg berre leve med. Men eg trur eigentleg ikkje eg kjem til å voldsam heimlengsel. Eg veit eg kjem til å savne kjæresten, familien og vennane mine dei første vekene, men det vil nok gå over. Eg har alltid vore av slik at eg fort klarer å tilrettelegge meg til nye samfunn. Eg er sikker på at i slutten av året vil eg ikkje heim att!



Eg kjem til å savne dåkke Joakim og Beate!

Ingen kommentarer: