fredag 24. april 2009

Jødedommen

Sidan vertsfamilien min er jødisk, skal eg skrive litt fakta om jødedommen.
Eg gler meg til å få vite meir, og lære meir om jødedommen. 
Eg er kjempeglad for at familien min er jødisk, fordi det blir noko litt utanom det vanlege, og eg trur eg kan lære mykje sosialt. Kunnskap om andre religionar er noko som eg trur kan kome godt med seinare i livet. 

Det er cirka 14 millionar jødar rundt omkring i verda, og omkring 6 millionar av desse bur i USA.
Dette svarer til ca. 2 % av befolkninga. Så eg har jammen vore heldig! 

Jødane er opptatte av å fin
ne ut kva som er Guds vilje med alle ting på jorda, og Gud har gjeve livet i gåve til menneska. Jødedommen og kristendommen er to religionar som har svært mykje til felles.
Den største forskjellen er at i jødedommen er Gud ein person, medan i kristendommen er Gud tre personar (Gud sjølv, Jesus og den heilage ande).


Hanukka er ei jødisk høgtid som vi
i kristendommen vil kalle julefeiring. I år kjem hanukka den 11. Desember. Kvar kveld i hankukka, tenner ein eit lys i ein åttearma lysestake. Det er også ein tradisjon å gje gåvar, ein for kvar dag. Hanukka blir feira til minne om at jødane i år 164 f.Kr. reinsa tempelet etter at syrarkongen hadde vanhelga det med bilete av den greske guden Zevs.

Cece, Rica, Joana og Barbara tenner lys.
Hannukafeiring 2007. Rica, Cece, forlovaren, Barbara og Joana (utvekslingsstudent).

Ut i frå det eg har forstått er familien min av den liberale typen. Dei feirer dei jødiske høgtidene, men er ikkje strenge på jødiske levereglar. I følge den forrige utvekslingsstudenten et dei ikkje kosher- mat.

Kasjrút (kosher)
• Vegetabilsk mat er kosher.
• Sjømat er berre kasjér om han har skjell og finnar .
• Av kjøtt frå dyr kan berre kjøttet av klauvdyr drøvtygger vere kosher.
• Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast
• Egg av reine dyr er kosher om dei er frie for blod.
• Mjølkeprodukt må kome frå reine dyr
• Bland ikkje mjølk og kjøtt i same måltid
• Når det er pesaḥ (påske) et ein berre usyra mat.


Noko av det første eg tenker på når eg tenkjer på jødedommen, er kanskje korleis dei blei behandla under 2. verdskrig. Jødehatet har alltid vore størst blant kristne i Europa, og kjem av forestillinga ”det var jødane som drap Jesus”. Mi tolkning er at mange kristne var misunnelege på jødane.
Kirka har alltid brukt jødane som syndebukkar; braut det ut ein epidemi, eller det var mistanke om ein forbrytelse, var det alltid jødane som fekk skulda. Jødane blei sett på som opphavet til alt ondt.
Det var slik antisemittismen utvikla seg. I dag er jødehat mest knytt til muslimar, på grunn av konflikten mellom staten Israel og arabarane i Midtausten.


Dokumentaren som eg linkar til (under) handlar om jødar i Noreg under krigen, der fem overlevande har fortald si historie. Dette er ein utruleg fin dokumentar som eg trur skildrer godt korleis det var for jødane i Noreg. Det dei fortalde gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg, og eg har fått meir forståelse. Eg vil anbefale alle å sjå den!

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/358853

2 kommentarer:

Anne Brit sa...

Interessant innlegg! Den langvarige konflikten i Midt-Austen er jo eit kapitell for seg, der det historiske perspektivet er viktig. Ikkje minst om ein vil prøve å skjønne kvifor dei to partane, jødar og muslimar, er så uforsonelege. Konflikten er komplisert, men viktig å kjenne til, for å forstå kvifor situasjonen er så fastlåst.

Maria Isabel sa...

Kjempe spennede innlegg! Det blir sikkert kjempe spennande å leve med ein jødisk familie i eit år! Bra at du har kjennskap til det og kjem inn i det med eit åpent sinn! :)