lørdag 2. mai 2009

Spring Lake High School

Om ca. eit år skal eg ha gått ut av Spring Lake High School som senior. 

Eg både gruar og gler meg til å begynne på High School i USA, og eg trur at det er mykje som kjem til å vere heilt nytt for meg.

Joana, graduation Spring Lake High School. Foto: Don.


Det eg er mest redd for, er at eg ikkje kjem til å forstå undervisninga, eller at eg ikkje kjem til å finne fram. Tross alt, det er jo ein ganske stor skule, med nesten 850 elevar!

Skulen har berre 36 lærarar. Eg synest det høyrtes så lite ut, men det er vel ikkje det…? Litt rask hoderekning seie meg at det blir ca. 22 elevar per lærar. Eg trur vi har ein del fleire lærarar per elev på MOJO vertfall. 
Det er 52% gutar, og 48% jenter på skulen, og av alle desse er 96% kvite, 2% asiatiske, 1% svarte og 1% latinamerikanske.

Joana (siste utvekslingsstudent) foran skulebygningen. Graduation day. Foto: Don


Spring Lake High School opna hausten 2000, så det er ein forholdsvis ny skule. Eg har høyrt frå folk eg har blitt kjend med at skulen som oftast har 3-4 utvekslingsstudentar kvart år. Det var ein lettelse frå mi side. Då veit eg at skulen har hatt ein del erfaringar med utvekslingsstudentar frå før, og at det er andre i same situasjon på skulen. Det blir rett og slett ein tryggleik.
I det siste har eg snakka ein del med rådgjevaren min på skulen i USA, og vi har sette opp eit forslag til kva fag eg skal ta. 
Den klassa eg ville ta på Careerline Tech Center, var jo sjølvsagt allereie full for neste år. Det same var klassa (på skulen) som går ut på å lage skuleavis og årbok. Dette var eit slag i ansiktet, men rådgjevaren lovde at eg skulle få plass viss nokon andre droppe ut.

Her er lista over faga eg skal ta:
American Literature (One Trimester)

US History (Two Trimesters)

American Government (One trimester)

Communication Through Writing

World History

Current Events

Film

Web Page Design

Web Page Design ll

Creative Writing

Womens Health and Fitness (gym)

Speech/ debate

Senior English

Graphic design

Independent/family living
(School Publications)

Nettsida til skulen for meir info: http://www.spring-lake.k12.mi.us/High/

Ingen kommentarer: