onsdag 6. mai 2009

La det koste - Pappa betaler

I dag fekk eg eit brev i posten frå Explorius. Eg var sjølvsagt kjempespent då eg opna det, sjølv om eg eigentleg visste at det ikkje var noko veldig spennande oppe i den store, kvite konvolutten.
Det var den siste rekninga eg skal betale inn før eg reiser, og den var på det svimlande beløpet 38 000 kroner! Eg har betalt 30 000 kr. frå før, så det vil seie at eg er oppe i nesten 70 000 kroner til saman no. Tre delbetalingar på 10 000 kroner kvar, pluss den siste på 20 000. I tillegg kjem sjukdom-, ulykke- og ansvarsforsikring på 6850kr, Valutatillegg på 6888kr og diverse anna på til saman 4000 kroner. Det er dyrt å vere utvekslingsstudent!

Heldigvis skal eg ikkje betale det sjølv, for det er det nemleg den supersnille pappaen min som gjer. Er eg bortskjemt? Eg veit at dei fleste meinar at eg er det, men eg synst ikkje det sjølv. Det er sant at eg får mange ting av han, men eg jobbar faktisk hardt for mine eigne pengar sjølv og. Eg jobbar minst tre dagar i veka, og eg er fullt klar over kor lenge eg må jobbe for å kjøpe noko. Eg måtte ha jobba i 648 timar, eller 164 dagar med kveldsvakter for å betale heile USA turen sjølv.
Sjølvsagt er eg kjempetakknemleg for at pappa skal betale, men eg får nesten litt dårleg samvittighet for det. Er det rettferdig at han skal betale alt? Burde eg kanskje betalt litt sjølv?
Ja eg burde vel kanskje det, men eg skal ikkje hindre han i å betale sidan han absolutt vil. Han er nesten meir gira enn meg på dinna USA-turen, og eg trur at han alltid har hatt ein drøm om at eg skal reise til USA som utvekslingsstudent. Han vil at eg skal få moglegheiten til å oppleve verda, og han er til og med meir enn villig til å betale det.

Tusen takk pappa!

2 kommentarer:

Oda Marie sa...

Eg syns ikkje det høyres så urimelig ut. Du er jo endå "barnet" til foreldra dine. Det er ein unik mulighet å få reise ut av landet eit år å studere, det var ikkje alle som hadde råd til det i gamledagar! I tillegg så er du jo ansvarleg og flink å jobbe sjølv for ting og tang. Det er bra du er takknemlig då! You go girl :)

Beate sa...

Synst du berre er heldig som får turen betalt eg;)
Og jobbe,de gjer du!!
;)