lørdag 2. mai 2009

We need change!

På valdagen 4. november 2008 vart det klårt at Barack Obama vart den 44. presidenten i USA. Han er den første afro- amerikanske presidenten i USA si historie, og han vart innsett 20. januar 2009.

Visste du kven Barack Obama var før presidentvalet? Ikkje eg i alle fall.

Og no er han verdas mektigaste mann i verdas mektigaste land. Valt av folket. 
At Obama vann presidentvalet er ei stor historisk hending. At ein afro-amerikanar vinn eit fritt val i supernasjonen USA er noko som gjer inntrykk. I alle fall viss ein tenkjer på at svarte ikkje ein gong hadde stemmerett i USA på 60-talet. Obama har tatt eit kraftig oppgjer med rasefordommar, ikkje berre i USA, men i heile verda. 
Utfallet av valkampet viste oss ei ny side av USA, ei side som eg, og mange andre, likar å sjå. 


Shepard Fairey/Obey, Barack Obama campaign posters, 2008

Men kvifor vann eigentleg Obama valet?
 Slagorda hans var ”we need change”, og ”yes we can”. Han brukte ord som "hope" og "progress". Obama viste på alle måtar at han var annleis. Han er afro-amerikanar, han er ung, han hadde friske og nye meiningar. Obama hadde rett og slett ei stor evne til å begeistre folket. Dei fleste amerikanarar var leie av krig og elendighet, og dei trengde ei forandring.Dei ville ha noko nytt.
 Obama profilerte at han var imot Irakkrigen, han ville ha fred i USA. Totalt vann Obama 29 delstatsval, deriblant Michigan, der eg skal bu neste år.

Obama viste folket at han var ein seriøs og disiplinert mann, og han klarte å bevare roa gjennom den byrjande finanskrisa. Obama lærte også å kunne justere seg, å kunne rette på sine feil i valkampen. Han stod for det han sa. Utfordringane står i lange køer for den nye presidenten. Obama må levere resultat, i ein situasjon som blir rekna som den mest utfordrande ein nyvalgt president i USA har stått ovanfor sidan 1932. Det mest akutte nasjonale problemet er kanskje finanskrisa, som Obama er i full gong med å løyse med den siste krisepakken på 900 milliardar USD. Han vil også satse tyngre på grønn energi i framtida. Om Obama verkeleg lever opp til dei skyhøge forventningane vil tida vise, men han er allereie godt på veg. 
Obamas beordring om å stenge Guantanamo Bay viste oss allereie tidleg at han forhåpentlegvis vil gjere nokså store endringar i USA i tida framover.
Valet av Obama har i seg sjølv byrja å styrke omdømmet til USA, og den klåre motstanden først mot krigen i Irak og deretter mot tortur bidrar i same retninga. At Obama har sagt at han vil satse på diplomati og samarbeid i staden for enn våpenmakt, spesielt i forhold til Iran og Hamas, gir også positiv merksemd i verda, kanskje spesielt i Midtausten.



Obama kjem nok til å gjere mykje bra for USA framover, men det er lett å sjå at han er nødd til å skuffe nokon - han kan ikkje gjere absolutt alle til lags. Noko vi alle kan vere einige om er at han kan flyte lenge på det som var den aller største fordelen han hadde i valkampen - at han ikkje var George W. Bush.

Ingen kommentarer: