lørdag 2. mai 2009

Snakke engelsk...?

I dag har eg snakka med vertsfamilien min på Skype.
Eg var nettopp komt inn døra heime frå jobb, og fekk nesten litt sjokk då dei ringte meg. Men det gjekk veldig fint, og alle orda (nesten vertfall) kom av seg sjølv. Eg merkar kor mykje eg gledar meg til å lære engelsk heilt flytande!

Det blir kjekt å kunne snakke engelsk utan å tenke på at ein snakkar eit framandt språk. Eg kjem sikkert til å snakke betre engelsk enn norsk etter året mitt i USA! Eg merkar det så godt allereie: Berre eg les litt engelsk, så gløymer eg mange norske ord. Eg tenker på engelsk, og difor kjem eg ikkje på den norske tydinga av ordet. Ein av grunnane til at eg synest det engelske språket er så fasinerande, er fordi det har eit fantastisk vokabular! Ein har så mange ord å velje mellom. Det norske vokabularet kan ikkje ein gong måle seg med det engelske! Det fins alltid eit ord som tyder det same.
Engelsk er spredt utover heile verda, og det blir utvikla meir og meir for kvar dag som går. Nesten alle menneske i heile verda kan snakke engelsk, og eg veit at eg kjem til å få god bruk for engelsk seinare i livet. Eg vil seie at engelsk nesten er eit livsviktig språk. Engelsk er rett og slett eit utruleg spennande! Eg er veldig glad for at eg har fått sjansen til å lære å snakke det ordentleg.



Ingen kommentarer: