Men på den andre sida så er det noke i meg som seie at eg ikkje kan la han stoppe meg. "Herregud du er berre 16, og har heile livet framfor deg". Eg veit så godt at det er sant, og eg har ikkje tenkt å la det stoppe meg heller. Eg har alltid likt å reise og oppleve mykje, og eg skal fortsette å vere ein slik person ! Eg må ta sjansen no når eg har den, og eg veit at dette er noko som eg må gjere heilt åleine. Eg er ein individualist, og likar å utforske ting på eiga hand.
Det verste er ikkje det at eg kjem til å savne han så mykje, men tanken på at han kan ha det vanskeleg her i Noreg. Å tenke på at han kanskje kjedar seg eller er lei seg her utan at eg kan vere der for han. Det blir liksom som eit dobbeltliv. Den eine delen av meg vil vere her heime med kjæresten og vennane, medan den andre delen av meg vil vere i USA. Og uansett kva eg gjer blir eg aldri heilt fornøgd, for eg veit at eg må velje ein av delane uansett. Eg kan ikkje ha i både pose og sekk. Eg veit at eg må satse fullt og heilt på året mitt i USA for at det skal bli vellykka, og det har eg tenkt å gjere også. Dersom eg tar litt av alt, er det ingenting som blir bra. Kjærasten og Norge kan eg ha i mange år seinare, men USA har eg berre i 10 månader. 10 månader som kjem til å bli heilt fantastiske! :)
Men ein ting er vertfall sikkert, og det er at sommaren 2009 blir kongebra. Eg skal verkeleg leve livet, og eg har all grunn til å feire: 5,7 i snitt i standpunkt, sommarferie, sol, kvalitetstid med mine nærmaste og maaaasse turar! Dette blir bra! :)









